Jan Jakob Tønseth - 1947-2018



Eg valde å opna den nyutkomne antologien "101 dikt om kjærleik" med eit dikt av Jan Jakob Tønseth. Eg har med to dikt til av han i antologien. Jan Jakob var ein annleis og gjennomført Jan Jakob-aktig personlegdom, og eg har kjent han sidan før eg debuterte. Me hadde edruelege og fuktige samtalar i hans hole i Sorgenfrigata og songstunder i mitt reir i Schweigaardsgate. Me møttest sist på Litteraturhuset i Oslo og på Bølgen i Larvik. Gjensidig respekt og veldig mange låttar som eg framleis kan høyra for mitt indre øyra.
Ein kjenslevar og tradisjonsmedviten poet og gjendiktar, ein medrivande og underfundig romanforfattar og ein spennande og tankevekkjande essayist.

Eit høgdepunkt mellom oss to var alltid den gongen eg hadde debutert, og me feira dette med felles animasjon, som endte med at han greip mi debutsamling og dedikerte den til meg med dei følgjande orda:

"Frå ein fråteken ven!"

Kvil i fred, Jan Jakob.

**

Her er nokre linjer frå diktet som står først i "101 dikt om kjærleik":

Slik var vårt møte:
Lyset sto stille.
Våre kyss
Berørte selv det vide hav.

***

Jeg rørte ved din skulder.
Jeg løftet håret over pannen.
Horisonten ble dyp blå.